Lenz

Kulturfond
Lenz
Lenz
I salg
ISBN/Varenr
9788279592853
Inngår i din bokpakke

Omtale

«Eg gidd ikkje eingong å ta livet av meg, det er så keisamt.» (Frå Georg Büchner «Lenz»). Georg Büchner skreiv forteljinga Lenzto år før han døydde, men ho blei først gitt ut posthumt i 1839. Teksten er basert på dagbøkene til presten Johann Friedrich Oberlin frå vinteren 1778. Då hadde forfattaren Jakob Michael Reinhold Lenz søkt tilflukt hos han, forvirra og på veg inn i galskapen. Büchner kjende seg igjen i Lenz og skreiv ei skildring som både i form og innhald staka ut ein ny veg for litteraturen: innover i menneskesinnet, utan blikk for konvensjonar og moralske fordommar. Hovudsaka for Büchner var innleving i andre menneske, og gjerne dei som fall utanfor samfunnet. Hovudpersonen i Lenzkjenner seg trengt opp i eit hjørne, og galskapen blir den yttarste konsekvensen av det mislykka og umoglege opprøret mot samtidas konvensjonar. Lenzer såleis rekna som ein av dei første tekstane i den moderne litteraturen. SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
Vis hele omtalen… Vis mindre

Produktinformasjon