Å vere ein annan : poesi og prosa i utval

Å vere ein annan : poesi og prosa i utval
Å vere ein annan : poesi og prosa i utval
I salg
ISBN/Varenr
9788279593430
Inngår i din bokpakke

Omtale

Fernando Pessoas forfattarskap er ein av største litteraturskattane i portugisisk litteratur, og sannelege er det ei skattejakt vi er med på når vi skal dykke ned i eit livsverk som i grunnen var ei stor kiste full av papir då forfattaren døydde i 1935. Dei over 25 000 manuskriptsidene som låg igjen etter Pessoa, gav ettertida eit arbeid som enno går føre seg og gåter som enno ikkje er løyste. «Å vere ein annan» gir oss eit nytt og levande utsnitt av mangfaldet i Pessoas verk, og viser korleis forfattaren i heimlandet både har vore ein folkekjær diktar og ein nyskapande analytikar av det moderne sjølvet, ein som tok seg sjølv frå kvarandre for å studere bitane. Pessoa la tekstane sine i munnen på fiktive forfattarar som han kalte heteronym. I tillegg til «dei fire store», gjetardiktaren Alberto Caeiro, futuristen Álvaro de Campos, klassisisten Ricardo Reis og den mangfaldige Fernando Pessoa sjølv, finst eit dusin andre namn produktive nok til å fortene merkelappen. Til saman har det blitt identifisert 136 ulike fiktive identitetar i skriftene til Pessoa. Tekstane i boka er ordna kronologisk og blir slik som ei skisse av Pessoas livshistorie, der dei ulike forfattaridentitetane opptrer i dialog. Omsetjar Øystein Vidnes har i mange år jobba med Fernando Pessoas litterære verk og er ein av dei fremste ekspertane i feltet.
Vis hele omtalen… Vis mindre

Produktinformasjon

  • ISBN/Varenr: 9788279593430
  • EAN: 978-82-7959-343-0
  • Utgivelsesdato: 31.10.2022
  • Utgivelsesår: 2022
  • Forlag: Skald
  • Innbinding: Heftet
  • Serie: Skalds klassikarar
  • Språk: Nynorsk
  • Personer: Pessoa, Fernando, Vidnes, Øystein
  • Litteraturtype: Skjønnlitteratur
  • Form: Dikt, Kortprosa
  • Omfang/format: 319 sider
  • Målgruppe: Voksne
  • Aldersgrense: 0
  • Opplag: 0
  • Utgave: 1
  • Illustrert: Nei
  • Sider: 319