Berge Furre : eit liv i rørsle

Kulturfond
Berge Furre : eit liv i rørsle
Berge Furre : eit liv i rørsle
I salg
ISBN/Varenr
9788252177886
Inngår i din bokpakke

Omtale

«Høvding» og «bauta» blei Berge Furre kalla då han døydde i 2016, 78 år gammal. Landet rundt mante minneorda fram den skjegløygde SV-leiaren, historikaren og presten, kjend gjennom debattar, pensumbøker og preiker over eit halvt hundreår. Nekrologane vektla den stabile og trygge Furre, men då det omfattande arkivet hans blei opna for biografen, såg ho at dette bildet måtte brytast opp. Kristentru, sosialisme, målsak og fredssak prega Berge Furres liv, men biografen syner oss også prestestudenten som miste trua. Vi blir kjende med fredsvenen som hamna i naiv beundring for DDR. Kampen mot EU gjorde han til folketalar, avsmaken mot jappetida førte han tilbake til kyrkja. Som stortingsmann for SV kjempa Furre fram tverrpolitisk semje om betre bondekår, men han skapte splid med lovbrot og risikerte riksrett då han offentleggjorde hemmelegstempla dokument om amerikanske militære peilestasjonar i Noreg. I biografien om Berge Furre og hans tid trer eit undrande, intenst, rastlaust og strategisk handlande menneske fram. Omdiskutert til det siste. Ein mann i rørsle, eit levande menneske.
Vis hele omtalen… Vis mindre

Produktinformasjon

  • ISBN/Varenr: 9788252177886
  • EAN: 978-82-521-7788-6
  • Utgivelsesdato: 14.10.2022
  • Utgivelsesår: 2022
  • Forlag: Det Norske Samlaget
  • Innbinding: Innbundet
  • Språk: Nynorsk
  • Personer: Skre, Arnhild
  • Litteraturtype: Faglitteratur
  • Emne: Furre, Berge
  • Sjanger: Biografier
  • Omfang/format: 655 sider, 32 unnumererte sider med plansjer
  • Målgruppe: Voksne
  • Aldersgrense: 0
  • Opplag: 0
  • Utgave: 1
  • Illustrert: Ja
  • Sider: 655