Ute - inne, ute - inne : dikt for barn

I salg
ISBN/Varenr
9788252145830
Inngår i din bokpakke

Omtale

Dette er ei samling kvardagsdikt. Innhaldet er delt inn i tre bolkar. "Ute","Inne" og "På ei strikkepinne" - etter ei elle-regle. Tekstane er stutte og enkle - skrivne i ein knapp stil - og dei får stå aleine, på kvar si side, med mykje luft rundt seg. Dette gjør diktet tydeleg samstundes som det gir lesaren rom til ettertanke. Nokre av dikta er leikne og livlege med mykje dynamikk i seg, medan andre er stillferdige og til ettertanke. Dei speglar undring, sinne og sorg og redsle - eit heilt spekter av kjensler. Rytmen og intensiteten blir forsterka ved at forfattaren, i mange av strofene, tar oppatt eit ord eller ei setning. Han nytter og kontrastar og ordspel. Klinkekular i svart og kvitt, triller innimellom nokre av dikta. Dette er eidiktsamling prega av heilskap. ISBN 8252145833 Diktsamling for barn. Har nynorsk tekst og er illustrert. Inneheldt ca 85 små vers om alt som kjem ungar ved: leik, samspel, natur, musikk, uteliv, krig og redsle, sorg og sinne, skulegang og lekser, kjensler inst inne. Diktaren får med detaljane som barn og unge så ofte sansar betre enn dei vaksne, her er det mogeleg for mange å kjenne seg att. 94 s.
Vis hele omtalen… Vis mindre

Produktinformasjon

  • ISBN/Varenr: 9788252145830
  • EAN: 82-521-4583-3
  • Utgivelsesår: 1995
  • Forlag: Det Norske Samlaget
  • Innbinding: Innbundet
  • Språk: Nynorsk
  • Personer: Bjørlykke, Oskar Stein
  • Litteraturtype: Skjønnlitteratur
  • Form: Dikt
  • Omfang/format: 95 s.
  • Målgruppe: Barn/ungdom
  • Alder: 9-11, 11-13
  • Aldersgrense: 0
  • Opplag: 1
  • Utgave: 1
  • Illustrert: Ja
  • Sider: 95