Sviket

I salg
ISBN/Varenr
9788252155037
Inngår i din bokpakke

Omtale

Tone og Randi er bestevenene som saman deler løyndomar og opplevingar slik tidlege tenåringar gjer. Så treffer Randi Torunn, som med yppig kropp og flotte klede overtek rolla til Tone i Randis liv. Brått er kropp og sminke det viktigste for Randi. Etter kvart som Randi forsvinn, får Tone oppleve smerten ved å bli sviken og einsemda som fylgjer. Men mor og far er tilgjengelege og omsorgsfulle, og gjennom samtalar med dei og hunden Tass godtek Tone at venskap ikkje er noko sjølvsagt, men at livet går vidare likevel. Synsvinkelen ligg hos Tone. Handlinga er gjenstand for kommentarar som nokre gonger kan tenkjast å tilhøyre Tone, medan dei andre gonger uttrykkjer røynslene til ein medviten vaksenperson. Lesaren blir invitert til å kjenne att situasjonane og kjenslene i veninnefellesskapen. Samlaget, 1999. 95 s. (Sirius. U). (Annoteringen er utarbeidet av Statens bibliotektilsyns rådgivende utvalg for barne- og ungdomslitteratur).
Vis hele omtalen… Vis mindre

Produktinformasjon

  • ISBN/Varenr: 9788252155037
  • EAN: 82-521-5503-0
  • Utgivelsesår: 1999
  • Forlag: Det Norske Samlaget
  • Innbinding: Innbundet
  • Serie: Sirius
  • Språk: Nynorsk
  • Personer: Mæland, Bente Bratlund
  • Litteraturtype: Skjønnlitteratur
  • Form: Romaner
  • Omfang/format: 95 s.
  • Målgruppe: Barn/ungdom
  • Alder: 13-16, 11-13
  • Aldersgrense: 0
  • Opplag: 1
  • Utgave: 1
  • Illustrert: Nei
  • Sider: 95