Prinsen og fattigguten

I salg
ISBN/Varenr
9788252141290
Inngår i din bokpakke

Omtale

Dette er den velkjende, klassiske og spanande forteljinga om dei to jamngamle gutane frå kvart sitt totalt ulike miljø. Ved eit tilfelle kjem dei til å byte klede og identitet! Forteljinga går føre seg i byrjinga på 1500-talet. I eit slumstrøk i London kjem vesle Tom Canty til verda i svært fattige kår. Samstundes blir tronarvingen, Edward Tudor, prinsen av Wales, fødd. I oppveksten drøymer Tom natt og dag om rikdom og glans, og ein dag, før han riktig veit korleis, blir draumen verkeleg! I det han streifer rundti byen, kjem han til slottet. Prinsen får auge på Tom, ber han kome inn og vil at dei to skal byte klede. Følgene av dette blir overraskande og uante for båe gutane. Innhaldsmessig kan denne historia fortsatt godt fungere som ei spanande og merkeleg forteljing, trass i at det er over 100 år sidan ho første gong kom ut. Tilsynelatande har ein i denne utgåva halde fast på LarsHorvei si nynorske omsetting frå 1945. Språkleg er boka difor ganske tung ogstiv, med eit nokså konservativt ordtilfang. Det hadde nok vore ønskeleg medei meir moderne språkdrakt og betre språkleg flyt for at boka skal stå seg fullt blant moderne ungar i dag.
Vis hele omtalen… Vis mindre

Produktinformasjon

  • ISBN/Varenr: 9788252141290
  • EAN: 82-521-4129-3
  • Utgivelsesår: 1993
  • Forlag: Det Norske Samlaget
  • Innbinding: Innbundet
  • Serie: Klassikarserien for barn
  • Nummer i serien: 2
  • Språk: Nynorsk
  • Personer: Twain, Mark
  • Litteraturtype: Skjønnlitteratur
  • Sjanger: Historiske fortellinger
  • Omfang/format: 170 s.
  • Målgruppe: Barn/ungdom
  • Originaltittel: The Prince and the pauper
  • Alder: 13-16, 9-11, 11-13
  • Aldersgrense: 0
  • Opplag: 1
  • Utgave: 1
  • Illustrert: Nei
  • Sider: 170