Plutselig ville eg ikkje laga dorulldyr lenger

Utsolgt
Plutselig ville eg ikkje laga dorulldyr lenger
Plutselig ville eg ikkje laga dorulldyr lenger
Utsolgt
ISBN/Varenr
9788203244629
Inngår i din bokpakke

Omtale

Livet består av viktige hendingar, nokre meir markerte enn andre. I denne historia handlar det om forelsking. Kor gamal må ein til dømes vere for å få seg kjæraste? Bokas eg-person grunner over dette medan klassekameratane kniser og sender lappar til kvarandre. Dei er alle i full gang med kjærasterigreier, berre ikkje han, endå han kanskje er den einaste i heile klassen som verkeleg er forelska. I staden nyttar han tida til å gjere det han kan aller best, nemleg å lage dorulldyr. Men ein dag endrar alt seg. Han kjem i skade for å såre Maja, jenta han aller helst vil vere saman med, og dermed vert han tvungen til å konfrontere både seg sjølv og Maja med kjenslene sine. Eit vellukka samspel mellom tekst og bilete gjer dette til ei artig og humoristisk forteljing, men utan at alvoret i guten sine kjensler forsvinn. Illustrasjonane kommuniserer godt med teksten, og uthevar sentrale aspekt i historia på ein dekorativ og uttrykksfull måte. Dei framstår som collagar av handlingselement og evnar både å underbyggje og utvide forteljinga. Aschehoug, 2002.
Vis hele omtalen… Vis mindre

Produktinformasjon

  • ISBN/Varenr: 9788203244629
  • EAN: 82-03-24462-9
  • Utgivelsesår: 2002
  • Forlag: Aschehoug
  • Innbinding: Innbundet
  • Språk: Nynorsk
  • Personer: Sortland, Bjørn, Torseter, Øyvind
  • Litteraturtype: Skjønnlitteratur
  • Form: Bildebøker
  • Emne: Forelskelse
  • Omfang/format: 29 s.
  • Målgruppe: Barn/ungdom
  • Alder: 6-9, 9-11, 11-13
  • Aldersgrense: 0
  • Opplag: 1
  • Utgave: 1
  • Illustrert: Ja
  • Sider: 0