Om folk og hendingar : historier frå Fjellbygda i Trysil mot slutten av 1800-talet
Omtale
Etter at Halvor Floden hadde gitt frå seg manuset til "Ein fjellgard", tok avisa Østlendingen inn ei rad forteljingar av han frå det same miljøet. Det er desse stubbane frå det siste leveåret til forfattaren som no for fyrste gong er samla mellom to permar. Medan han enno arbeidde med det som skulle bli boka om barndomsheimen hans, Kvanbekksetra, skreiv han i eit brev til ein ven: "Eg rokk ikkje meir enn å skrive om miljøet, arbeidslivet, drifta av garden, skikkar og leikar og slikt utvortes. Det levande slikt som folka, hendingane og sogene, tok eg ikkje med. Eg skreiv ei beingrind utan kjøt med andre ord."
Så fekk Halvor Floden likevel tid til å få noko kjøt på beingrinda dei siste månadene han levde. Det blir altså presentert i denne boka.
Produktinformasjon
- ISBN/Varenr: 9788291548104
- EAN: 978-82-91548-10-4
- Utgivelsesdato: 27.09.2019
- Utgivelsesår: 2019
- Forlag: Fregn forlag
- Innbinding: Heftet
- Språk: Nynorsk
- Personer: Floden, Halvor, Valberg, Bård E.
- Litteraturtype: Faglitteratur
- Målgruppe: Voksne
- Aldersgrense: 0
- Opplag: 1
- Utgave: 1
- Illustrert: Ja
- Sider: 91