Noreg

Utsolgt
Noreg
Noreg
Utsolgt
ISBN/Varenr
9788203193224
Inngår i din bokpakke

Omtale

Vinteren og våren 2007 reiste historikaren Nils Rune Langeland Noreg rundt i jakt etter folkesjela i det nye, velståande og moderne Noreg. For det er berre i fantasien at vi framleis er nøysame slitarar på karrige småbruk, fiskarar i opne båtar langs kysten og industriarbeidarar i tusental på gølvet. Men kven er vi i dag? Dette er ei reiseskildring forma som ei rekkje små forteljingar frå Kristiansand i syd til Hammerfest i nord, frå Austevoll i vest til Koppang i aust. Men det er meir enn ei reise i geografien. 17. mai-feiringa i Oslo, Stortinget, Litteraturfestivalen på Lillehammer og Arbeidarpartiets Landsmøte er også med. Kjente personar som Marit Arnstad, men også heilt ukjente menneske utan offentlege posisjonar kjem til orde som personlege møte i desse reiseskildringane. Dette er noko så vilt som å fange magien i den trauste norske kvardagen vi er så vande med. Fortida blir vevd inn i notida. Det fantastiske viser seg der ein minst ventar det. For å bryte gjennom den polerte framsida av det norske samfunnet er det brukt ei rekkje ulike sjangergrep i grenselandet mellom sakprosa og diktekunst. På denne måten er det gjort ein freistnad på å finne ut kva som står på spel i det norske samfunnet. Det som ikkje blir sagt rett fram. Betegnelse: Boka inneheld tekstar som skildrar forfattarens reise i Noreg i perioden januar-juni 2007. Til saman skal desse tekstane gje eit portrett av verdas rikaste og lukkelegaste land.
Vis hele omtalen… Vis mindre

Produktinformasjon

  • ISBN/Varenr: 9788203193224
  • EAN: 978-82-03-19322-4
  • Utgivelsesdato: 28.04.2008
  • Utgivelsesår: 2008
  • Forlag: Aschehoug
  • Innbinding: Heftet
  • Språk: Nynorsk
  • Personer: Langeland, Nils Rune
  • Litteraturtype: Faglitteratur
  • Emne: Norge, Samfunnsanalyser
  • Omfang/format: 188 s.
  • Målgruppe: Voksne
  • Aldersgrense: 0
  • Opplag: 2
  • Utgave: 1
  • Illustrert: Nei
  • Sider: 188