Mellom sjøhattar og engelskmenn : barndomsminne frå krigen

I salg
ISBN/Varenr
9788292306123
Inngår i din bokpakke

Omtale

Ein dag blir Toralf sendt på skogen med eit brev festa innafor underskjorta. Brevet er hemmeleg og skal til vener av onkel Pål. På vei inn i skogen må han passere fleire tyske soldatar. Toralf stansar ikkje. Han hadde lova mor å halde seg på god avstand frå tyskarane. Onkelen og motstandsmannen Pål Eiken, blir på grunnlag av sitt illegale arbeid arrestert av Gestapo i våren 1944. Han vart ført til Gestapo sitt hovudkvarter, Arkivet, i Kristiansand. På Arkivet blir Pål Eiken torturert til døde fordi han ikkje vil fortelje nazistane om andre motstandsmenn. Med andre verdskrig som bakteppe fortel Toralf Tveiten om korleis det var å vakse opp i heimbygda Eiken. I boka opplever vi kvardagen under krigen sett gjennom augo til ein liten gut, som utan å vite det, tek del i ein av landsdelen sine mest dramatiske krigshendingar. Utan å teikne eit einsidig fiendebilete fortel han korleis han som barn oppfatta krigen. Det var ikkje bare triste hendingar. Men også mykje spanande som skjedde. Barn er også tidsvitne- viktige tidsvitne. I Toralf Tveiten sin barndomsforteljing frå krigsåra møter vi ei kjend krigshistorie, men nå fortald med ei "barnestemme". Noko som gir forteljinga nytt liv og nye perspektiv. Aslak Brekke, direktør Stiftelsen Arkivet Betegnelse: Med andre verdenskrig som bakteppe forteller forfatteren om hvordan det var å vokse opp i hjembygda Eiken. I boken opplever vi hverdagen under krigen sett gjennom øynene til en liten gutt, som uten å vite det tar del i en av landsdelens mest dramatiske krigshendelser. Uten å tegne et ensidig fiendebilde forteller han hvordan han som barn oppfattet krigen. Det var ikke bare triste hendelser, det var også mye spennende som skjedde.
Vis hele omtalen… Vis mindre

Produktinformasjon

  • ISBN/Varenr: 9788292306123
  • Utgivelsesdato: 28.11.2008
  • Utgivelsesår: 2008
  • Forlag: Stiftelsen Arkivet
  • Innbinding: Innbundet
  • Serie: Stiftelsen arkivets skriftserie
  • Nummer i serien: 13
  • Språk: Nynorsk
  • Personer: Tveiten, Toralf, Jørgensen, Odd
  • Litteraturtype: Faglitteratur
  • Aldersgrense: 0
  • Opplag: 1
  • Utgave: 1
  • Illustrert: Ja
  • Sider: 110