Godtfolk : rapport frå barndomens fagre Stryn

I salg
ISBN/Varenr
9788282400930
Inngår i din bokpakke

Omtale

Ivar Andenæs kom til Stryn som treåring i 1950. Dette året er også startpunktet for denne boka, som er eit portrett av strynesamfunnet på 1950- og 60-talet, med omtale av kvardagsstrev og levevis, politikk og bygdestrid, næringsliv, kultur, kyrkjeliv og foreiningsliv, skiidrett og fotball, skulestell, samferdsle, helsestell, flukta frå landsbygda og djuptgripande samfunnsendringar. Forfattaren er son til Olaf Andenæs, som var distriktslege i Stryn ein mannsalder. Eit eige kapittel handlar om prestefamilien i Innvik, der Olaf og dei sju brørne hans vaks opp. Boka har eit rikt persongalleri. Paul Svarstad er ein av dei som stadig dukkar opp - først som redaktør i Fjordingen, sidan som bygdepolitikar og til sist som stortingsmann, med oppdrag å skaffe heilårsveg over Strynefjellet. Andre som trer fram, er Smebyen, som skaffa stryningane grasbane, vegingeniør Gabriel Frøholm, som ville ha heilårsveg i tunell under Jostedalsbreen, og bygdehovdingen Kåre Maurset, som reiv Hornindal ut av tvangsekteskapet med Stryn. Illustrert.
Vis hele omtalen… Vis mindre

Produktinformasjon

  • ISBN/Varenr: 9788282400930
  • Utgivelsesdato: 05.11.2015
  • Utgivelsesår: 2015
  • Forlag: Selja forlag
  • Innbinding: Innbundet
  • Språk: Nynorsk
  • Personer: Andenæs, Ivar
  • Litteraturtype: Faglitteratur
  • Aldersgrense: 0
  • Opplag: 1
  • Utgave: 1
  • Illustrert: Nei
  • Sider: 199