Emil og Kaffikokaren : roman

I salg
ISBN/Varenr
9788252155365
Inngår i din bokpakke

Omtale

Det meste er vanleg kring Emil, foreldra, skulen, venene, men ein dag dukkar ein rar fyr ved namn Kaffikokaren opp, og kvardagen endrar seg. Saman med Kaffikokaren utforskar Emil nye sider ved tilværet og gjer ting han ikkje har kome på før, som til dømes å sleppe ut hønene til Bakken. Dei gamle venene, Freddyen, Olav og Rune, vender ryggen til Emil, og foreldra forbyr han å vere samen med den nye venen. Det er hardt medan det står på, men Emil finn ei løysing han kan leve med. På ein underfundig og humoristisk måte utforskar teksten tilhøvet mellom draum og røyndom, samstundes som han formidlar vesentlege tankar kring det å vekse opp. Stilen er umiskjenneleg Hovlandsk: Forteljinga er leikande, tidvis absurd, knapp i forma og med ein innebygd dialog med den tyske klassikaren "Emil og detektivane" (1952) av Erich Kästner. Boka er ei nyutgåve og kom første gong ut i 1987. Den tyske illustratøren Peter Schössow har laga små, sjarmerande illustrasjonar til denne utgåva. Samlaget, 1999.
Vis hele omtalen… Vis mindre

Produktinformasjon

  • ISBN/Varenr: 9788252155365
  • EAN: 82-521-5536-7
  • Utgivelsesår: 1999
  • Forlag: Det Norske Samlaget
  • Innbinding: Innbundet
  • Språk: Nynorsk
  • Personer: Hovland, Ragnar, Schössow, Peter
  • Litteraturtype: Skjønnlitteratur
  • Form: Romaner
  • Omfang/format: 95 s.
  • Målgruppe: Barn/ungdom
  • Alder: 6-9, 9-11, 11-13
  • Aldersgrense: 0
  • Opplag: 1
  • Utgave: 2
  • Illustrert: Ja
  • Sider: 95