Dikt i samling

Utløp
Dikt i samling
Dikt i samling
Utsolgt
ISBN/Varenr
9788203183881
Inngår i din bokpakke

Omtale

Halldis Moren Vesaas (1907-1995) voks opp i Trysil og debuterte 22 år gammal med diktsamlinga Harpe og dolk. Ho og ektemannen, forfattaren Tarjei Vesaas, busette seg i Vinje i Telemark, og dei reiste mykje, i Norden og Europa for øvrig, og knytte verdfulle kontaktar med andre diktarar slik at heimen deira, Midtbø, vart litt av eit nordisk kultursentrum.Halldis Moren Vesaas gav ut tre diktbøker før krigen, men dei mest kjende dikta står i diktsamlingane Tung tids tale (1945), Treet (1947) og I ein annan skog (1955).Ho har òg gitt ut mange andre slags bøker, barnebøker, ein roman, noveller i Så nær deg (1987), dessutan biografiske bøker om Sven Moren og Tarjei Vesaas, artiklar og essays, diktantologien Vandre med vers (1990). Mykje av si arbeidskraft brukte ho på gjendiktning av klassisk drama, av Racine og Molière, av Shakespeare og Brecht.I det siste leveåret sitt gjorde ho ferdig manuskriptet til den siste diktsamlinga, Livshus (1995), ein av dei største suksessane nokon lyrikar har oppnådd her i landet. Denne boka inneheld alle dei dikt som ho ønska skulle leve etter henne. Betegnelse: Boka inneheld dei sju diktsamlingane til forfattaren. Nokre dikt er utelatne av forfatteren, særleg frå dei første samlingane. Andre er flytta om på.
Vis hele omtalen… Vis mindre

Produktinformasjon

  • ISBN/Varenr: 9788203183881
  • Utgivelsesår: 2001
  • Forlag: Aschehoug
  • Innbinding: Innbundet
  • Serie: Maxi-poesi
  • Språk: Nynorsk
  • Personer: Vesaas, Halldis Moren
  • Litteraturtype: Skjønnlitteratur
  • Aldersgrense: 0
  • Opplag: 1
  • Utgave: 1
  • Illustrert: Nei
  • Sider: 286