Diamanten

Diamanten
Diamanten
I salg
ISBN/Varenr
9788252159431
Inngår i din bokpakke

Omtale

Hans leikar med søstera, Vesla. Når Vesla gøymer seg, finn han ho ikkje, for Hans er svaksynt. Då blir han sint. Men så dukkar Vesla opp att og lovar å ikkje gøyme seg meir. Då kallar Hans ho for diamanten hans. Medan dei leikar i ei hole, sovnar Vesla. Hans går heim etter mat, men når han kjem tilbake, er Vesla borte. Dei vaksne og alle må ut for å leite, men det er Hans som til slutt finn ho. Boka skildrar personane, leiken og alvoret med forsiktige verkemiddel, men med stor verknad. Koplinga mellom gøymeleiken og leitinga gjev lesaren høve til å leve seg inn i tematikken. Hans sin indre dialog og bekken flyt saman og skapar eit bilete av ein person som kjempar med seg sjølv. Diamanten vert eit symbol på kjærleiken, som både er god og sår. I illustrasjonane dominerer store landskap der personane vert små. Få element og tydelege konturar gjer at positurar og plasseringar blir tydelege og uttrykksfulle. Både dei tusen blada på trea, lyset og den glatte himmelen er svært poengtert attgjevne og går inn som synleg uttrykk for handlingselement i forteljinga meir enn som eigentleg miljøskildring. Resten av landskapet må lesaren dikte til sjølv. Resultatet er ei gripande og poetisk bok som seier noko om det å sjå kvarandre på mange måtar. Samlaget, 2002.
Vis hele omtalen… Vis mindre

Produktinformasjon

  • ISBN/Varenr: 9788252159431
  • EAN: 82-521-5943-5
  • Utgivelsesår: 2002
  • Forlag: Det Norske Samlaget
  • Innbinding: Innbundet
  • Språk: Nynorsk
  • Personer: Austrem, Liv Marie, Düzakin, Akin
  • Litteraturtype: Skjønnlitteratur
  • Form: Bildebøker
  • Omfang/format: 27 s.
  • Målgruppe: Barn/ungdom
  • Alder: 3-6, 6-9, 9-11, 11-13
  • Aldersgrense: 0
  • Opplag: 1
  • Utgave: 1
  • Illustrert: Ja
  • Sider: 0