Den andre verdskrigen i norsk etterkrigsminne

Den andre verdskrigen i norsk etterkrigsminne
Den andre verdskrigen i norsk etterkrigsminne
I salg
ISBN/Varenr
9788252194807
Inngår i din bokpakke

Omtale

Den andre verdskrigen er ikkje ferdig fortid, men eit høgst levande tema i samtidskulturen. Krigen er godt eigna som grunnlag for å diskutere allmenne verdispørsmål og moralske dilemma, men kva som har vorte sett som viktig å fortelje og diskutere om krigen, forandrar seg etter som nye spørsmål blir aktuelle. Ettertida brukar kort sagt krigen for å forstå og påverke eiga samtid betre. Denne boka dreg opp hovudlinjene i korleis den andre verdskrigen har vorte hugsa, forstått og framstilt i norsk etterkrigstid. Hovudperspektivet er korleis minnet om krigen har vorte teke vare på og utvikla seg i norsk offentlegheit. Den faghistoriske litteraturen og debatten går inn i dette biletet, men er berre ein del av det. Somme tema og perspektiv, framfor alt motstandskampen og kven som var vener og fiendar, har vore godt synlege heile tida. Andre, som lenge låg i skuggen, vart langt seinare ein viktig del av debatten. Lagnaden til dei norske jødane er eitt slikt tema. Kan ein tale om heilt nye perspektiv på krigen, eller er det berre den etablerte heimefrontforteljinga som har vorte utvida og nyansert? Ola Svein Stugu (f. 1947) er professor emeritus ved Institutt for historiske studium ved NTNU. Han har særleg arbeidd med by- og regionhistorie og historiedidaktikk og har mellom anna skrive "Kunnskapsbyen. Trondheims historie" (1997), "Historie i bruk" (2008) og "Norsk historie etter 1905" (2018).
Vis hele omtalen… Vis mindre

Produktinformasjon