Brev til ein ung diktar

Brev til ein ung diktar
Brev til ein ung diktar
Nytt opplag ventes
ISBN/Varenr
9788274881655
13.06.2024
Inngår i din bokpakke

Omtale

"Eit kunstverk er godt, i den grad det oppstod av naudtvang. På kjelda det kom av, skal domen fellast: Det finst ingen annan. Difor, min vyrde ven, veit eg inga anna råd enn det å gå i deg sjølv og sokne djupnene livet spring fram av; ved kjelda der finst svar på om skape er noko du må." Kan eit ungt menneske satse på den djupaste lengten det har i seg? Droppe ein trygg karriere og å våge kunstens veg? I den unge kadetten Franz Xaver Kappus stod denne striden. Han søkte råd frå Rilke, som sjølv hadde militær erfaring. Svaret var, det kan berre du finne ut: "Spør framfor alt, i natta sin stillaste time: må eg skrive? ... Du er så ung, og så godt eg berre formår vil eg be deg, ber over med alt som er uløyst i hjarta ..." Her skriv òg Rilke dei berømte orda om parforholdet som "ein kjærleik der to einsemder grensar, hegnar og helsar kvarandre". Korrespondansen som oppstod mellom dei - Brev til ein ung diktar - er sidan lesen og elska av unge som gamle - diktarar eller ei. Om RAINER MARIA RILKE (fødd i Praha i 1875 og død i Sveits i 1926) sa Robert Musil: "Denne store lyrikaren har ikkje gjort anna enn for første gongen å skrive fullkomne dikt på tysk." Legendarisk er lynnedslaget av inspirasjon i middelaldertårnet Muzot i Sveits vinteren 1922, då dei to hovudverka Die Sonette an Orpheus og Duineser Elegien kom til i løpet av eit par veker. Han skreiv dikt frå eit sinn utsett i hjartefjellet. Frå den same posisjonen kjem òg dei mange tusen breva hans. Brev til ein ung diktar (utkomen posthumt i 1929) står som eit av diktarens hovudverk. Betegnelse: Brevsamlinga inneheld korrespondansen som oppstod mellom den unge kadetten Franz Xaver Kappus og lyrikaren Rainer Maria Rilke. Kan eit ungt menneske satse på den djupaste lengten det har i seg? Droppe ein trygg karriere og å våge kunstens veg? Dette var spørsmål som Kappus strevde med. I denne brevsamlingen gir Rilke, som sjølv hadde militær erfaring, sine råd til den unge kadetten.
Vis hele omtalen… Vis mindre

Produktinformasjon

  • ISBN/Varenr: 9788274881655
  • EAN: 978-82-7488-165-5
  • Utgivelsesdato: 05.12.2007
  • Utgivelsesår: 2007
  • Forlag: Bokvennen Forlag
  • Innbinding: Innbundet
  • Språk: Nynorsk
  • Personer: Rilke, Rainer Maria, Bjørnstad, Åsmund
  • Litteraturtype: Faglitteratur
  • Emne: Rilke, Rainer Maria
  • Omfang/format: 60 s.
  • Målgruppe: Voksne
  • Originaltittel: Briefe an einen jungen Dichter
  • Aldersgrense: 0
  • Opplag: 1
  • Utgave: 1
  • Illustrert: Nei
  • Sider: 60