Vesen : roman

Vesen : roman
Vesen : roman
I salg
ISBN/Varenr
9788249500635
Inngår i din bokpakke

Omtale

«Jordbærplukkarar trengst på Laden - 2 km.» Og eg såg denne plakaten, tjukke sprittusj-strekar, eit teikna jordbær mot signalgul kartong. Kvifor ikkje? Bada i jordbær, monotont riva bæra av stilkane, i korga, i munnen, i korga, no og då kikka opp på det blå. Jordbæret, når du deler det på langs, når du skjønar du har fanga det vakraste, det mest pirrande ein åker kan gje deg. Når du tygg ein bit, og du ser det kvite i sentrum, det rosa, det raude, gåsehuda utanpå, og det grøne bladet bæret skjuler seg bak. Når du finn ei meining i det du dyrkar. Ei ny meining. Og eg veit at Ylva ikkje kjem etter meg, eg veit at ho ikkje kjem attende, ho vil ikkje finna meg der heime, og eg veit at ho ikkje vil leita, det er forbi, ho handla og braut ut, gjorde det eg ikkje klarte å tenkja ferdig, og er det difor eg køyrer opp denne grusvegen, er det difor eg svinga av, tenkjer eg, er det difor eg kjenner denne mektige kjensla av å vera på veg inn i noko som drar meg opp? Betegnelse: Etter at kjærasten har reist frå han, bryt Greger opp frå heimbyen og studiet i etnologi, set seg i bilen og legg ut på vegen utan noko fast mål. Han oppheld seg heile sommaren på ein gard, der han får jobb som jordbærplukkar. Her blir han kjend med Woyzeck, som eigentleg er fjernsynsdubbar i Polen, og Steinar, som han ikkje heilt får tak på. Når sommaren er over reiser dei tre til ei lita fiskarbygd i nord, no for å selja reingjeringsmaskiner på dørene. Dette er forfattarens debut.
Vis hele omtalen… Vis mindre

Produktinformasjon

  • ISBN/Varenr: 9788249500635
  • EAN: 82-495-0063-6
  • Utgivelsesår: 2001
  • Forlag: Oktober
  • Innbinding: Innbundet
  • Språk: Nynorsk
  • Personer: Ingebrigtsen, Eirik
  • Litteraturtype: Skjønnlitteratur
  • Form: Romaner
  • Omfang/format: 204 s.
  • Målgruppe: Voksne
  • Aldersgrense: 0
  • Opplag: 1
  • Utgave: 1
  • Illustrert: Nei
  • Sider: 204