Norge rundt med ord

Norge rundt med ord
Norge rundt med ord
I salg
ISBN/Varenr
9788291871158
Inngår i din bokpakke

Omtale

Norge rundt med ord handlar om det vi kan kalle dialektgeografi, om kva folk ulike stader i landet seier for smilehol, ringfinger, meslingar, menstruasjon, potetkaker, sutteklut, hannkatt og meir enn hundre andre ting og fenomen. Grunnlaget for boka er innsamla språkstoff frå 1700-talet og fram til vår tid. Forfattaren, språkforskar og redaktør ved Norsk Ordbok Tor Erik Jenstad, har gått gjennom og systematisert dette. Boka viser at norsk språk er mykje meir enn det som kjem fram i vanlege ordbøker og grammatikkar. Det finst til dømes meir enn hundre nemningar på norsk for graviditet, endå fleire for gjørmehol, nesten førti for sagmask og over tretti for å gå i eigne tankar eller vere åndsfråverande. Boka viser på ein ny og interessant måte kor innhaldsrikt og variert språket er. Ho er også eit bidrag til å ta vare på mangfaldet av ord og uttrykksmåtar. Betegnelse: Forfattaren har gått gjennom innsamla materiale frå norske dialektar frå 1700-talet til vår tid og presenterer namna på meir enn hundre ting og fenomen, som smilehol, adamseple, graviditet, menstruasjon, vaksefille og hannkatt.
Vis hele omtalen… Vis mindre

Produktinformasjon

  • ISBN/Varenr: 9788291871158
  • EAN: 82-91871-15-9
  • Utgivelsesdato: 01.01.2007
  • Utgivelsesår: 2003
  • Forlag: Boksmia
  • Innbinding: Innbundet
  • Språk: Nynorsk
  • Personer: Jenstad, Tor Erik
  • Litteraturtype: Faglitteratur
  • Emne: Norsk språk, Dialekter
  • Omfang/format: 239 s.
  • Målgruppe: Voksne
  • Aldersgrense: 0
  • Opplag: 1
  • Utgave: 1
  • Illustrert: Ja
  • Sider: 0