Olaug Nilssen les Anne-Cath. Vestly

Olaug Nilssen les Anne-Cath. Vestly
Olaug Nilssen les Anne-Cath. Vestly
I salg
ISBN/Varenr
9788279654353
Inngår i din bokpakke

Omtale

«Kvifor appellerer denne familien med åtte små, to store og ein lastebil til mine barn med ein familie på tre små, to store og ein elbil?» Anne-Cath. Vestly er kjend som «heile Noregs mormor». Men kva om ho faktisk var bestemora di? Det har Olaug Nilssen tenkt ganske mykje på. I familien hennar går det nemleg eit rykte om at Vestly var kjærast med farfaren, og den innbilte slektskapen har ført dei saman på eit vis. Men no les Nilssen Anne-Cath. Vestly med eit friskt og kritisk blikk. Kan vi verkeleg tru på lykka i familien med dei åtte ungane, så fattige som dei er? Finst det noko i desse bøkene som barna i dag kan kjenne seg igjen i? Olaug Nilssen blei fødd i Førde i 1977. Sidan romandebuten i 1998 har ho skrive i fleire sjangrar: romanar, dramatikk, essay, litteraturkritikk med meir. Nilssen hausta tidleg stor anerkjenning for bøkene sine, og i 2004 blei ho kåra til ein av dei fremste unge forfattarane i landet. For den sjølvbiografiske romanen Tung tids tale fekk ho mellom anna Brageprisen, og boka har blitt omsett til fleire språk. I 2019 fekk Olaug Nilssen Dobloug-prisen for forfattarskapen sin. Anne-Cath. Vestly blei fødd på Rena i 1920. Ho byrja karrieren sin i radioprogrammet «Barnetimen», og det var her ho fyrst fortalde historiene om mange av dei som seinare skulle bli romanpersonar, som Ole Aleksander Filibom-bom bom og Lillebror og Knerten. Vestly står fram som ein fornyar ikkje berre av barnelitteraturen i etterkrigstidas Noreg, men òg av kulturformidling og fjernsynsunderhalding for barn. Bøkene hennar er omsette til over 15 språk og selde i meir enn to millionar eksemplar. I tillegg til ein heil del litterære prisar har Anne-Cath. Vestly motteke Kulturrådets ærespris, Brages heiderspris og St. Olavs Orden. Betegnelse: «Kvifor appellerer denne familien med åtte små, to store og ein lastebil til mine barn med ein familie på tre små, to store og ein elbil?» Anne-Cath. Vestly er kjend som «heile Noregs mormor». Men kva om ho faktisk var bestemora di? Det har Olaug Nilssen tenkt ganske mykje på. I familien hennar går det nemleg eit rykte om at Vestly var kjærast med farfaren, og den innbilte slektskapen har ført dei saman på eit vis. Men no les Nilssen Anne-Cath. Vestly med eit friskt og kritisk blikk. Kan vi verkeleg tru på lykka i familien med dei åtte ungane, så fattige som dei er? Finst det noko i desse bøkene som barna i dag kan kjenne seg igjen i?
Vis hele omtalen… Vis mindre

Produktinformasjon

  • ISBN/Varenr: 9788279654353
  • EAN: 978-82-7965-435-3
  • Utgivelsesdato: 11.02.2020
  • Utgivelsesår: 2020
  • Forlag: Nasjonalbiblioteket
  • Innbinding: Heftet
  • Serie: Fortidens folkelesning
  • Språk: Nynorsk
  • Personer: Nilssen, Olaug
  • Litteraturtype: Faglitteratur
  • Emne: Vestly, Anne-Cath.
  • Omfang/format: 47 sider
  • Målgruppe: Voksne
  • Aldersgrense: 0
  • Opplag: 1
  • Utgave: 1
  • Illustrert: Nei
  • Sider: 47