Det evige sekund : dikt

Det evige sekund : dikt
Det evige sekund : dikt
Opptrykk Leveringstid 1-3 uker
ISBN/Varenr
9788205487079
Inngår i din bokpakke

Omtale

Det evige sekund er ei diktsamling, og eg meiner at alt der er dikt, også t.d. «Forvandling» og «Pilgrim», som etter skriftbiletet på papirflata - kanskje på andre måtar òg - skil seg ut frå det svært mange lesarar forstår ved eit dikt. Utviklinga går elles i den lei at skiljet mellom dei ymse litterære uttrykksformer er blitt stadig mindre markant den seinare tid. Etter mi meining er det ein nødvendig prosess. Det evige sekund høyrer med i Utstein kloster-syklusen og er det tredje leddet der. Dei to første var romanane Mysterium (1967) og Legenden om Svein og Maria (1968). Nytt stoff av ymse litterære kategoriar emnar seg til, og noko er eg i arbeid med. I Utstein kloster-syklusen er det ikkje tale om framhald frå bok til bok, heller ikkje om nokon ytre samanheng, men ein indre slektskap kan der vel vera. Av det som alt er sagt, går det fram at bøkene også vil vera av ulik art. Men av fleire årsaker har eg funne det tenleg å la det gamle klosteret på Utstein stå som ein geografisk og idémessig midtstad for det eg skriv om. Frå forfattarens innleiing
Vis hele omtalen… Vis mindre

Produktinformasjon

  • ISBN/Varenr: 9788205487079
  • Utgivelsesdato: 05.12.2015
  • Utgivelsesår: 2015
  • Forlag: Gyldendal
  • Innbinding: Innbundet
  • Språk: Nynorsk
  • Personer: Hauge, Alfred
  • Litteraturtype: Skjønnlitteratur
  • Aldersgrense: 0
  • Opplag: 1
  • Utgave: 1
  • Illustrert: Nei
  • Sider: 155