Les i skolen – Erna Osland
Erna Osland er ein av våre mest produktive forfattarar. Ho har skrive innanfor ei rekkje sjangrar: realistiske, fantastiske og historiske romanar, lettlesbøker, kriminalforteljingar, sakprosa, noveller, teikneseriar og skodespel. Å vandre i hennar forfattarskap er som å bevege seg i eit landskap fylt med bråe kast og vendingar, skriv Anne-Stefi Teigland i Les i skolen-heftet: stadig finn ho på noko nytt, noko som overraskar eller uroar.
Heftet inneheld følgjande kapittel:
- Å skrive om det som er viktig – møte med Erna Oslands tekstar
- Oppgåver
- Bibliografi
- Prisar og utmerkingar
Heftet er skrive av Anne-Stefi Teigland og er ein del av publikasjonsabonnementa Skole I, Barn og Hoved 2008. Illustrert, 24 s., passar for elevar på mellom- og ungdomstrinnet.
Produktnr: 9788270223305, pris: 169,-
Kategori: Les i skolen
Du kan bestille publikasjonen i nettbutikken