Carl Frode Tiller – forfattarhefte
Carl Frode Tiller (f. 1970) fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen Skråninga i 2001. Den førebels siste romanen hans, Innsirkling (2007), er lansert som første bok i ein trilogi, og fekk Kritikarprisen for beste vaksenbok. Heftet inneheld ein nyskriven artikkel om forfattarskapen av kritikar Merete Røsvik Granlund, om lag 20 intervju og bokmeldingar frå norske aviser og bibliografi.
Forfattarhefte
"Forfatterhefter" er ein serie frå Biblioteksentralen som presenterer norske forfattarskap gjennom ein nyskriven artikkel og bokmeldingar og intervju frå norske aviser. Hefta er i A4-format og gir ein omfattande introduksjon til dei utvalde forfattarskapa.
Abonnement 2008
Forfattarheftet om Carl Frode Tiller er med i publikasjonsabonnementa Voksen, Hoved og Skole III 2008. Heftet blir sendt automatisk til abonnentane. Abonnement gir tjue prosent rabatt.
Produktnr: PUBL200800006, pris: 169,– + mva.
Kategori: Forfatterhefter
Du kan bestille publikasjonen i nettbutikken