Olaug Nilssen - forfatterhefte
Olaug Nilssen (f. 1977) er ein allsidig og aktiv forfattar. Ho har skrive tre vaksenbøker, ei barnebok og ei essaysamling. I tillegg er ho redaktør for tidsskriftet Kraftsentrum og har eigen blogg. I 2004 blei ho kåra til ein av dei mest lovande unge forfattarane i Noreg. I 2006 er ho festspeldiktar på dei nynorske festspela, og var nominert til Ungdommens kritikerpris for boka Få meg på, for faen.
I heftet blir forfattarskapen introdusert gjennom ein nyskreven artikkel av kritikar og kulturjournalist Marta Norheim, og ca. 25 avisklipp (bokmeldingar og intervju) frå norske aviser. Heftet inneheld òg bibliografi og lesetips til artiklar og intervju i tidsskrift og på nett. Kjekk til litteraturprosjekt og oppgåveskrivarar.
Abonnement 2006
Heftet om Olaug Nilssen er ein del av publikasjonsabonnementa «Voksen», «Hoved» og «Skole» III 2006 og blir automatisk sendt til abonnentane. Abonnement gir 20 % rabatt. Fleire opplysningar finn du her.
Produktnr: PUBL200601, pris: 169,- + mva
Du kan bestille publikasjonen i nettbutikken