Biblioteksentralen
Tlf:   22 08 34 00
Fax: 22 19 64 43
kundeserviceabibsent.no
About Biblioteksentralen
Du er her: Skip Navigation Links
Logg inn i Nettbutikken!

Vi gir bibliotekene en enklere og bedre hverdag

Biblioteksentralen AL er en kunnskapsbedrift som har spesialisert seg på å tilby produkter og tjenester til norske bibliotek.
Les mer om oss


Aktuelle medier:

57% irsk
Roddy Doyle

(Klikk for å bestille)

57% irsk
Roddy Doyle



Samarbeidspartnere:



Rapport frå studietur til Skåne

Bente Fosse Sund og Øygarden er to små kommunar i Hordaland med få tilsette. Målet med studieturen var å få hente inspirasjon og idear til den noverande drift av biblioteket. Vi har og eit ønske om å vidareutvikle våre tenester til skulane.

Vi besøkte desse biblioteka:
Kävlinge bibliotek i Kävlinge kommune, Esløv bibliotek i Esløv kommune, Skanør bibliotek i Vellinge kommune og Lomma bibliotek i Lomma kommune.

Felles for alle biblioteka i kommunane vi besøkte:
Sterke kommunale føringar .Utstrakt samarbeid med kulturetaten om utarbeiding av planar for samarbeid mellom bibliotek, skule og barnehage.
Innkjøp og registrering av bøker og andre media til skulane var lagt under folkebiblioteka.
Med slik sterk styring blei ein på sikt sikra like tilhøve ved m.a. skule og barnehage.
Bemanning: Utdanna bibliotekarar hadde ansvar for 2-3 skular kvar, bibliotekaren besøkte skulen 1-2 g. i veka. Elles var skulebiblioteka sjølvbetente.
Det var faste møter mellom bibliotekleiinga og fagutdanna bibliotekarar ved skulane.
Det var faste samlingar med strategiar om ”bokprat”.
Alle la stor vekt på formidling av bøker og ulike media generelt.

Det var utarbeidd mange gode brosjyrar med lesetips og emnelister.
Felles for alle var og ”Barnets første bok” ved 8 mdr. og seinare ved 6 års alder.
Biblioteka hadde også fast transportordning frå Malmø to gongar i veka. Innan kommunane var det ulike transportordningar, avhengig av økonomi og avstandar.
Bokkassar og bokprat til barnehagane kvar termin.
Utforming av ”sommarbok” var og lik i kommunane, men med lokalt snitt frå bibliotek til bibliotek.
Alle var med i ” Boken kommer” ordninga.

Av dei biblioteka vi besøkte blei Lomma bibliotek ei estetisk oppleving både kulturelt og arkitektonisk.
Lomma bibliotek er eit heilt nytt bibliotek på 1200 m2 med 4.88 årsverk fordelt på 6 personar.
Bygningen er ei arkitektonisk perle attmed sjøen, med eit stort potensiale for auka bruk av biblioteket. Dei tilsette var særs stolte av bygget og kva dei hadde fått til m.a.
”sagopåser”, emneposar og utarbeiding av brosjyrar. Dei har sjølvbetent inn / utlån og Mikromarc!!

Turen var både ein kulturell/ sosial nyting, men også lærerik og til inspirasjon. Sjølv om vi ikkje disponerer dei same midlane som våre kollegaer i Sverige, såg vi nye mogelegheiter å utnytte betre dei ressursane vi har.
Vi har kome fram til at ei transportordning” frå bibliotek til skule” er ein av nøklane til betre samarbeid og formidling. Forpliktande samarbeid mellom skule og folkebibliotek må vera nedfelt i planar. Auke og omdisponering av personalressursar er og noko ein bør sjå på.

Bente Fosse
Biblioteksjef Sund kommune