Beresystem i eldre norske hus

Beresystem i eldre norske hus
Beresystem i eldre norske hus
I salg
ISBN/Varenr
9788245024203
Inngår i din bokpakke

Omtale

Det finst mange kvite flekkar på det bygningshistoriske kartet over Noreg. Denne boka tek for seg reiste konstruksjonar over eit tidsspenn på nesten 900 år. Med dette blir det farge på denne viktige delen av byggjeskikken vår. Denne boka er ei revidert utgåve av den som kom ut i 2009. Den første skissa til bok om dette temaet kom på TI-forlaget i 1994. Det er i hovudsak redaksjonelle endringar vi har gjort i denne utgåva, først og fremst ved at figurar har fått tekst. Dertil er det gjort nokre presiseringar, og vi har retta feil. Vi vonar omredigeringa fell i smak, og at boka blir lettare å lesa. Grunnlaget for framstillinga ligg i ein omfattande dokumentasjon av ståande byggverk kombinert med aktiv utøving rettleidd av tradisjonsberarar. Samhandling er stikkord. Forfattarane har lært seg arbeidsmåtar ved å byggje ulike slags hus saman med eldre handverkarar. Vi vågar å kalle desse dei siste representantane for ein lang tradisjon. Den måten å sjå bygget på som tradisjonsberarane uttrykte, har vore innfallsvinkelen til dokumentasjonen av kring 1000 byggverk frå Vardø i aust og nord til Lista i sør. Innfallsvinkelen til stoffet er den handverksfaglege. Det er anatomien, den indre, ofte ikkje synlege strukturen attom fasade og panel vi rettar blikket mot. Dertil tek vi for oss prosedyrar, det vi kan kalle rekkjefølgjekunnskapen så vel som vurdering av styrke. Ikkje minst er samanhengen mellom samla byggverk og den einskilde detaljen viktig. Alle fag har sitt eige språk, sine eigne nemningar på delar og prosessar. Boka legg stor vekt på å få med dei mest brukte nemningane på delar og system. Vi oppdagar at Noreg også på dette feltet er tospråkleg. Vi har ein litterær tradisjon som er knytt opp mot offisiell kunnskap i skole og laugsvesen. Dertil har vi ein uoffisiell nemningsbruk knytt opp mot det ikkje formaliserte opplæringssystemet som har eksistert ved sida av og i høg grad uavhengig av det offisielle heilt fram til i det første tiåret etter andre verdskrigen. Mykje av denne uoffisielle nemningsbruken er svært rik, og han ber i seg gamle termar nokre av dei med ubrotne liner attende til gammalnorsk. Det alt vesentlege av materialet som ligg til grunn for boka, er samla inn gjennom prosjektarbeid for Norsk handverksinstitutt (tidlegare Handverksregisteret).
Vis hele omtalen… Vis mindre

Produktinformasjon

  • ISBN/Varenr: 9788245024203
  • EAN: 978-82-450-2420-3
  • Utgivelsesdato: 02.08.2018
  • Utgivelsesår: 2018
  • Forlag: Fagbokforlaget Vigmostad og Bjørke
  • Innbinding: Heftet
  • Språk: Nynorsk
  • Personer: Godal, Jon Bojer
  • Litteraturtype: Faglitteratur
  • Emne: Bæresystemer, trekonstruksjoner
  • Omfang/format: 349 s.
  • Målgruppe: Voksne
  • Aldersgrense: 0
  • Opplag: 2
  • Utgave: 3
  • Illustrert: Ja
  • Sider: 349